Vågar KrF steget mot Ap?
Publisert 4. april 2015. Sist endret 4. april 2015.
Vi retter en hjertelig takk til Tom Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad, for denne analysen av relasjonen mellom Kristelig Folkeparti og Arbeiderpartiet.
Støttepartia for Solberg-regjeringa, Kristeleg Folkeparti og Venstre, oppviser eit paradoksalt bilde.
I den nasjonale politikken har Venstre plassert seg nærmare dei to høgrepartia enn det Kristeleg Folkeparti har gjort. Venstre står for ein meir prinsipiell liberalisme som rett nok av og til fører partiet ut i grunnleggjande konflikt med Framstegspartiet, men som i økonomisk politikk dreg partiet lenger mot høgre enn KrF. Søndagsopne butikkar og oppmjuking av arbeidsmiljølova er eksempel på saker der Venstre lett finn tonen med regjeringspartia. At Venstre i større grad enn KrF nå har sitt tyngdepunkt i storbyane, gjer det også lettare å spela på lag med regjeringa om kommunereform, politireform og landbrukspolitikk.
Til samanlikning står KrF fram som ein «vanskelegare kunde» i forhandlingar med regjeringa, ein nølande partnar som ser det meir som si oppgåve å bremsa marsjen mot høgre enn å utvikla felles ideologi og politikk på borgarleg side. Det er då også KrF som blir oppfatta som det svakaste leddet i Nydalen-alliansen og som blir kurtisert mest intenst av Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet med tanke på ein ny sentrum-venstreallianse ein gong i framtida.
På veljarplanet ser situasjonen derimot nokså annleis ut. Statsvitaren Hilmar Rommetvedt ved IRIS i Stavanger har sidan 1987 undersøkt haldningar til samarbeid hos veljarane i dei ulike partia. Gjennomgåande viser resultata at Venstre-veljarar har mykje lågare terskel mot å samarbeida med Arbeidarpartiet enn det KrF-arane har.
Ved stortingsvalet i 2013 meinte for eksempel 51 prosent av Venstre-veljarane at partiet godt kunne samarbeida med Ap i regjering, mot berre 29 prosent av dei som stemte KrF. I 2009 var tala 52 prosent i Venstre og berre 20 prosent i KrF. Nå skal det leggjast til at tala over tid varierer meir for Venstre enn for KrF, fordi Venstre skifter ut ein mykje større del av veljarmassen ved kvart val. Men det rokkar ikkje ved hovudkonklusjonen.
Poenget kan understrekast ved å kasta eit blikk på ei fersk måling som Respons Analyse har gjort for Stavanger Aftenblad om ordførarvalet i Stavanger. I dag er både KrF og Venstre i allianse med Høgre i Stavanger, der Christine Sagen Helgø (H) er ordførar. Men medan 64 prosent av KrF-veljarane i byen støttar opp om Helgø, og berre 17 prosent kan tenkja seg Cecilie Bjelland frå Ap, er styrkeforholdet mellom dei to mykje jamnare i Venstre: 56 prosent for Helgø, 44 prosent for Ap-kandidaten.
Sannsynlegvis står me her overfor djupe kulturelle mønster, der skremmebildet av Ap som «avkristningspartiet» framleis kastar skuggar over KrF sitt kjernelandskap. Striden om reservasjonsretten og andre symbolsaker som frå tid til anna dukkar opp, medverkar til å halda fast førestellinga av Ap som hovudmotstandar i «hjartesakene», sjølv om det urbane og liberale Høgre stadig oftare landar på same standpunkt som Ap i praktisk politikk.
Til samanlikning er den kulturelle avstanden mellom den gjennomsnittlege Ap- og Venstre-veljaren mykje mindre, sannsynlegvis ofte mindre enn mellom Venstre- og KrF-grasrota.
Om dagens KrF-leiing hadde fått bestemt, hadde dei gått i koalisjon med Arbeidarpartiet i morgon, har professor Frank Aarebrot sagt. Det er nok som vanleg sett på spissen av den bergenske retorikaren, men det er ikkje tvil om at KrF heilt sidan Kjell Magne Bondeviks tid har hatt ei leiing som har stått til venstre for grasrota i partiet, og som ut frå ein kjølig analyse av fellesskapet i politiske saker ville hatt få problem med å samarbeida mot venstre. Men tradisjon og kultur har stått i vegen for å ta steget heilt ut.
Situasjonen er i ferd med å endra seg på to måtar:
For det første fører den blå-blå regjeringa ein politikk som på viktige område provoserer KrF-grasrota. Søndagshandel er eitt eksempel, asylbarna eit anna. I tillegg kjem heile komplekset av saker innanfor landbruks- og distriktspolitikken, som var svært vanskeleg for KrF alt under Bondevik II-regjeringa, og som ikkje er blitt enklare nå for eit parti som har ein stor del av kjerneveljarane på bygdene.
For det andre har Ap fått ein erklært kristen leiar som er tydelegare enn nokon av forgjengarane hans på at han har som mål å få i stand ein allianse med KrF. Utgangspunktet for KrF vil vera avventande og mistenksamt – treet skal som kjent kjennast på fruktene. Men klarer Jonas Gahr Støre byggja tillit over tid, vil terskelen for å ta steget over mot Ap bli lågare. Om Sp i tillegg er med som anstand, og SV er ute, vil det bli endå lettare.
Likevel skal ingen undervurdera kor sterkt dette rører ved djupe strenger i KrF-sjela. Politisk fellesskap er meir enn å telja opp felles standpunkt i konkrete saker. Og KrF-veljarar vil neppe ha ord på seg for å ta lettvint på partnarskifte. Dette kan ta tid.
Tom Hetland