Poll of polls

Kamp om hegemoniet i blått fylke

illustrasjon

Publisert 23. desember 2024. Sist endret 23. desember 2024.

Tom Hetland har i årtier fulgt politikken i Rogaland som tidligere sjefredaktør, politisk redaktør og kommentator i Stavanger Aftenblad. Tom Hetland skriver om politikk på en måte som gjør oss alle klokere. Han kommenterer her Rogaland på bakgrunn av målingen fra Respons i Stavanger Aftenblad 19. desember 2024. Bakgrunnstallene han viser til, har pollofpolls mottatt med stor takk fra politisk redaktør Harald Birkevold i Stavanger Aftenblad.

Kamp om hegemoniet i blått fylke

Overgangen frå Høgre til Frp er for tida den største endringa som skjer blant veljarane i Rogaland.

Tom Hetland

Då Anders Langes Parti, forgjengaren til Framstegspartiet, for første gong stilte til val i 1973, var Rogaland eitt av fire fylke der partiet fekk inn ein representant på Stortinget. Også seinare har Frp jamt oppnådd betre resultat i Rogaland enn landsgjennomsnittet.

Når Sylvi Listhaugs parti for tida er størst i landet, er det altså slett ikkje overraskande at Frp har den same posisjonen i oljefylket, og det med god margin. Den siste målinga frå Respons for Stavanger Aftenblad gir partiet 29,1 prosent, opp 12,3 prosentpoeng frå 2021.

Avstanden er solid ned til Høgre, som får 23,4 prosent, ned 0,4 prosentpoeng frå sist. Det fører også til at Høgre taper fjerdemandatet, medan Frp doblar frå to til fire. Med sju mandat til saman sikrar likevel dei to blå partia seg fleirtalet av dei 13 faste mandata på rogalandsbenken. Legg me så til at KrF og Venstre begge er inne med ein representant, gir det eit knusande borgarleg fleirtal med 9-4 i Rogaland.

Men ein ting er å få fleirtal, noko anna å danna regjering. Eit stort, sjølvsikkert og kravstort Frp vil ikkje vera ei enkel nøtt å knekka for Erna Solberg, Guri Melby og Dag-Inge Ulstein, sjølv om viljen til regjeringsskifte er aldri så mykje til stades.

Høgre på defensiven etter bråk

Derfor vil kampen mellom Sylvi og Erna om å bli størst på borgarleg side bli viktig fram mot stortingsvalet. Og bakgrunnstala frå Rogalands-målinga vitnar om at Høgre for tida er kraftig på defensiven i forhold til den blå rivalen. Sidan valet i 2021 har kvar femte Høgre-veljar i Rogaland meldt overgang til Frp. Tilsiget frå Høgre til Frp er dobbelt så stort som frå Ap og Sp til saman. Sjølv om Frp også dreg veljarar over blokkgrensa, er det altså internt på borgarleg side at dei største overgangane for tida skjer.

Kan lokale forhold forklara noko av dette? To Høgre-profilar på Stortinget, 2. nestleiar Tina Bru og Haugesunds mangeårige frontfigur Sveinung Stensland, har sagt nei til attval. Men utskifting blir det også i Rogaland Frp: Roy Steffensen og Terje Halleland seier takk for seg. Eg tvilar derfor på om desse endringane har stor forklaringskraft.

Då har sannsynlegvis bråket og skandalane i dei to største Høgre-kommunane i fylket gjort meir for å skapa mistillit og sur stemning. Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal gjekk av etter å ha vedgått privat bruk av valkampmidlar, og har seinare meldt seg ut av partiet. I Sandnes har gruppeleiar Leiv Rune Mjølsnes trekt seg etter å ha blitt sikta for grov økonomisk utruskap. Sjølv om kommunepolitikk er noko anna enn rikspolitikk, kan desse sakene, som har vekt stor oppsikt lokalt, til ein viss grad ha skada det generelle omdømmet til Høgre som styringsparti. Likevel, effekten av slike skandalar er normalt kortvarig, og eg vil tru at dei nasjonale trendane er den klart viktigaste forklaringa på veljarforskyvingane også i Rogaland.

KrF ned, Venstre opp

Uro på nasjonalt plan har nok også slått ut for KrF i Rogaland. Eks-partileiar Olaug Bollestad var populær i fylket, og litt av tilbakegangen på 1,7 prosentpoeng kan sikkert tilskrivast at ho ikkje stiller igjen. Rogaland er likevel relativt sett framleis ein bastion for KrF, og med 6,4 prosent har den tidlegare Sokndal-ordføraren Jonas Andersen Sayed gode sjansar til å bli stortingsrepresentant med direkte mandat.

Også Kjartan Alexander Lunde frå Venstre er inne direkte, men med knappast mogleg margin. Det vil i så fall bryta ein trend der Venstre gradvis har blitt svakare i eit fylke som i gamle dagar var eit av partiets beste. Nå gjer partiet eit hopp på 1,5 prosentpoeng.

Kari, kor blei du av?

Arbeidarpartiet har for tida eit utval av historisk dårlege meiningsmålingar som kan måla seg med Nicolai Tangens kunstsamling, og Rogaland gir sine bidrag. Nå har aldri Rogaland vore noko godt Ap-fylke, og slik sett er kanskje 13,7 prosent i Rogaland eit akseptabelt resultat når partiet nasjonalt nyleg var nede i 14,3. Men som Ap sin gruppeleiar i Stavanger, Dag Mossige, seier til Stavanger Aftenblad: Dette er eit skrekkeleg resultat for partiet. Ap ligg an til å tapa eitt mandat og står igjen med to.

I Ap sitt tilfelle går det også an å slå fast at personar spelar ei rolle. Den populære Stavanger-ordføraren Kari Nessa Nordtun var nær ved å sikra attval i 2023, då Stavanger mot all tradisjon vart ein av dei beste Ap-byane i landet. Seinare har ho som kunnskapsminister markert seg som kanskje den sterkaste og mest handlekraftige statsråden i Støres regjering. Men Nessa Nordtun sa overraskande for mange nei til Stortinget, og Ap-lista blir nå toppa av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, som ikkje har like sterk lokal forankring. Nummer to på lista, Ruth Mariann Hop frå Karmøy, er også ein ganske ukjend kandidat, i alle fall sør for Boknafjorden. Håpet for Ap må vera at betre tider for Støre nasjonalt kan lokka ein del gamle Ap-veljarar ned frå gjerdet. Nær tre av ti Ap-veljarar i Rogaland er nå blant dei usikre.

Senterpartiet har også stått i sur motvind sidan partiet kom i regjering, og er sikkert ganske fornøgd med å sikra det eine av dei to Rogalands-mandata med brukbar margin. Ei måling i Haugesunds Avis i november viste at også landbruksminister Geir Pollestad var ute. Bakgrunnstala kan tyda på at Sp-veljarane i Rogaland er litt meir trufaste enn elles i landet. Halvparten av 2021-veljarane her vil stemma på partiet igjen.

Duell på ytre venstre

Respons-målinga stadfester også det som mange forventar, nemleg at det blir litt av ein duell på ytre venstre mellom Ingrid Fiskaa (SV) og Mímir Kristjánsson (Raudt). På denne målinga har Fiskaa eit lite forsprang, 5,9 mot 4,9 prosent, men den alltid synlege Mímir har hatt størst framgang sidan valet, 1,2 mot 0,9 prosentpoeng. Han manglar faktisk berre 0,1 prosentpoeng på å kunna byta ut dagens utjamningsmandat med fast plass på rogalandsbenken. I så fall er det Venstres Lunde som må vika plass, men forskjellane er naturlegvis langt innanfor alle feilmarginar, og ni månader er lang tid i politikken.

Til slutt: For dei to partia som markerer ytterpunkta i olje- og energipolitikken, MDG og Industri- og næringspartiet (INP), er det full kollaps i oljefylket. Med 1,1 og 1,4 prosent på målinga synest vegen til Stortinget vera altfor bratt, enten ein er veldig mot eller veldig for oljå.

Del på Facebook

Omtalte kommuner

Flere artikler om omtalte kommuner