Poll of polls

Anonyme kilder vs. Støre

illustrasjon

Publisert 8. januar 2025. Sist endret 8. januar 2025.

Tom Hetland har i årtier fulgt norsk politikk som tidligere sjefredaktør, politisk redaktør og kommentator i Stavanger Aftenblad. Tom Hetland skriver om politikk på en måte som gjør oss alle klokere. Han er kritisk til medienes bruk av anonyme kilder i dekningen av statsminister Jonas Gahr Støre.

Politikk i skoddeheim

Den omfattande bruken av anonyme kjelder i saka om Jonas Gahr Støre er eit demokratisk og medieetisk problem. Men også anonymitet og skjulte prosessar i andre delar av moderne politikk fortener eit kritisk søkelys.

TOM HETLAND

Jonas Gahr Støre har igjen stadfesta at han aktar å halda fram som statsminister og som leiar i Arbeidarpartiet. Samstundes melder NRK at «ei rekke sentrale partifolk» ønskjer å byta han ut. 20. januar skal sentralstyret i Ap oppnemna valkomiteen som skal leggja personkabalen fram mot landsmøtet 3.-5. april. Då kjem den endelege dommen over Støre.

Men inntil vidare held han det gåande, og avviser å gå inn i diskusjon med kritikarane sine. Med god grunn. For med få unntak er dei ansiktslause. Då NRK og andre medium før jul melde at det var stor uro i Ap og at det gjekk føre seg samtalar om Støre si rolle, var kjeldene anonyme. NRK opplyste at dei bygde på samtalar med «fleire enn 25 sentrale kjelder i partiet». Situasjonen vart framstilt som svært dramatisk av kommentatorar, men «kuppforsøket» rann inntil vidare ut i sanden. Støre heldt nyttårstalen også i år, og verka jamvel meir offensiv enn før.

Under dette mediedramaet sat dei reelle oppdragsgivarane til Støre – veljarane – uvitande om kva som eigentleg gjekk føre seg. Dei fekk ikkje vita kven som snakka saman for å velta partileiaren og statsministeren, og heller ikkje kva konsekvensar det eventuelt ville få for politikken. Og det er trass alt det viktigaste for dei fleste, sjølv om det ikkje alltid ser slik ut i mediebildet.

Innskjerping av medieetikken

Bruk av anonyme kjelder har vore eit tema internt i mediemiljøet i mange år. Kritikarane av denne arbeidsmetoden har vore på offensiven, og det resulterte mellom anna i at Ver varsam-plakaten i 2021 fekk ein utvida paragraf 3.1, der den tidlegare ordlyden «Kjelda for informasjon skal som hovudregel identifiserast, med mindre det er i konflikt med kjeldevernet eller omsynet til tredjeperson» fekk tillegget: «Kjelder bør som hovudregel ikkje få setje fram negative personkarakteristikkar anonymt.»

Blant argumenta for ein strengare praksis har vore at det skadar den offentlege debatten dersom personar vert utsette for kritikk utan å vita kor han kjem frå. Debatten blir ei form for blindebukk-leik, og journalistar risikerer å la seg binda og misbruka av personar som i ly av anonymiteten driv eit politisk spel med skjult dagsorden. Bruk av anonyme kjelder er i strid med sjølve idealet om mest mogleg opne og gjennomsiktige politiske prosessar. Resultatet kan bli at veljarane kjenner seg meir framandgjorte overfor det som vert opplevd som eit mediepolitisk spel.

Det er synd å seia at den innskjerpa Ver Varsam-plakaten har hatt stor innverknad på praksis så langt. Diskusjonen blussa opp igjen då boka «Partiet» av Dagblad-journalistane Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant kom ut i fjor. Sjølv om boka hadde uomtvistelege kvalitetar og teikna eit kritisk portrett av Støre som i hovudsak verka velfundert, var det eit problem at boka bygde på intervju med eit syttitals anonyme kjelder, og utan av dei kritiserte fekk høve til imøtegåing.

Politikk i lukka rom er naturlegvis ikkje noko nytt fenomen. «Noen har snakket sammen» har vore eit munnhell i Arbeidarpartiet, og ikkje berre der. Å vera i stand til å avsløra avtalt spel og toppstyrte prosessar har vore eit vektig argument for at det iblant er forsvarleg og nødvendig å bruka anonyme kjelder. Det er framleis gyldig, men gjeldande presseetikk seier altså at motførestellingane, særleg når det gjeld personretta kritikk, må koma sterkare fram i dei etiske vurderingane.

Varslar-dilemmaet

Likevel, vilkåra for politikk endrar seg og reiser nye dilemma. I fjor sommar vart Olaug Bollestad pressa ut av leiarvervet i Kristeleg Folkeparti. Utgangspunktet var eit varsel frå tilsette på partikontoret om kritikkverdig leiarstil. Kva det konkret gjekk ut på, har vore emne for spekulasjonar, men er i liten grad kjent. Bollestad sjølv hevdar at ho ikkje har fått høve til å gi sin versjon. Nå er ho på veg ut av politikken, og dei ho hadde mandatet sitt frå, den landsomfattande partiorganisasjonen og veljarane i Rogaland, er framleis uvitande om kvifor den populære partileiaren måtte gå.

Varslingsinstituttet har med god grunn blitt oppfatta som eit demokratisk framsteg, ikkje minst i mediemiljøa. Det har vore ei sterk norm at ein er varsam med å gå varsel nærmare etter i saumane. Varslarar blir a priori rekna som den svake parten og skal i utgangspunktet oppfattast som truverdige. Men eit anonymt varsel, med den tyngd omgrepet har fått, kan også vera eit kraftig våpen i ein politisk kamp. Eg trur det bør koma ein debatt om utviklinga av varslingsinstituttet og korleis ein kan hindra at det blir misbrukt til politiske føremål. Det må bli legitimt å stilla kritiske spørsmål og driva undersøkande journalistikk også omkring innhaldet i varsel og motiva for dei.

Det mektige apparatet

Dei sentrale partiorganisasjonane har blitt større og har særleg blitt utvida med politiske operatørar – rådgivarar, kommunikasjonsekspertar og spinndoktorar. Desse står gjerne i nær kontakt med mediefolk, og det kan lett utvikla seg eit «gi og ta»-forhold der den eine sida er opptatt av å få den gode historia og den andre av ei positiv vinkling for politikaren eller partiet dei blir betalte av. Dette forholdet er sannsynlegvis tettare i Norge enn i dei fleste andre land, og mykje informasjon blir utveksla fortruleg og på basis av tillit.

Spørsmålet ein likevel kan stilla seg, er om det politiske operatør-sjiktet har fått for stort armslag. Det som sjokkerte meg mest i boka «Partiet», var opplysninga om at Ap sitt sentrale partikontor både i 2021 og 2023 skal ha bestilt doble meiningsmålingar. Halvparten av respondentane fekk det vanlege spørsmålet om partipreferanse, den andre halvparten fekk samstundes oppgitt namnet på partileiaren, altså «Arbeidarpartiet med Støre som partileiar», «Høgre med Erna Solberg som partileiar» osb. Resultatet viste at Støre-namnet trekte Ap markant ned, interessant nok, og kanskje ikkje uventa. Men det oppsiktsvekkjande er at dette opplegget ifølgje Suvatne og Gilbrant vart gjennomført utan at Støre sjølv fekk vita om det. Det er framleis halde hemmeleg på partikontoret, men hovudfunnet er altså formidla til journalistar.

Anonymitet og løynde prosessar er meir enn ei mediesak. Dersom det får utvikla seg ein kultur der meir av politikken går føre seg i det som for den jamne veljaren er ein tjukk skoddeheim, er det demokratiet som taper. Derfor er det ikkje berre utfallet av leiarvalet i Arbeidarpartiet som er viktig, men også måten det blir gjort på i tida fram til 5. april.

Del på Facebook

Flere artikler om Ap

Vis alle artikler om Ap