Poll of polls

«Nye Ap» lokkar ikkje blå rogalendingar

illustrasjon

Publisert 8. april 2025. Sist endret 8. april 2025.

Tom Hetland har i årtier fulgt politikken i Rogaland som tidligere sjefredaktør, politisk redaktør og kommentator i Stavanger Aftenblad. Tom Hetland skriver om politikk på en måte som gjør oss alle klokere. Han kommenterer her Rogaland på bakgrunn av målingen fra Respons i Stavanger Aftenblad 2. april 2025. Bakgrunnstallene han viser til, har pollofpolls mottatt med stor takk fra politisk redaktør Harald Birkevold i Stavanger Aftenblad.

Arbeidarpartiet fyk til vers også i Rogaland etter regjeringsendringa. Men Støre og Stoltenberg dreg ikkje så mange veljarar over blokkgrensa.

Rogaland har aldri vore eit sterkt Arbeidarparti-fylke. Den gamle tommelfingerregelen var at Ap normalt fekk tre firedelar så stor oppslutning i Rogaland som på nasjonalt nivå. Ved dei siste par vala har dette rett nok jamna seg litt ut. Den siste fylkesmålinga (Respons for Stavanger Aftenblad 24.-28. mars) stadfester også at avstanden er blitt mindre. Ap får 24,6 prosent i Rogaland, medan pollofpolls.no sin landstendens, basert på dei regionale målingane etter regjeringsendringa i februar, peikar mot eit nasjonalt resultat på 28,4 prosent.

Det store Ap-hoppet etter at Senterpartiet gjekk ut og Stoltenberg kom inn viser seg også i Rogaland. Den førre fylkesmålinga vart tatt opp i desember, då Støre & Co var djupast nede i bølgedalen, og Ap fekk miserable 13,7 prosent. Me snakkar altså om ei dobling på tre månader, også i mandat, frå to til fire. Ap har tre inne frå Rogaland i dag.

Litt meir historie: Under Gerhardsen var det fjerde mandatet i Rogaland rekna som ein god indikasjon på at eit nasjonalt fleirtal for Ap var innan rekkevidde. Dei siste 50 åra har Ap i Rogaland greidd det berre to gonger, i 1977 og 2017, trass i at rogalandsbenken gradvis har blitt utvida frå 10 til 14 mandat. I 2017 var det dessutan i mindre grad Ap sitt resultat som ei uvanleg gunstig stemmefordeling som gav partiet den gode utteljinga.

Isolert sett gir utsiktene til fire Ap-representantar frå Rogaland all grunn til jubel blant lokale partifolk, og nytt håp om at fylket kan gi eit viktig bidrag til fornya kontrakt for Støre-regjeringa etter valet i haust.

Men så enkelt er det ikkje.

Kannibalisering

Framgangen for Arbeidarpartiet, i Rogaland som elles i landet, går nemleg for ein stor del på kostnad av dei mindre kameratane til venstre og i sentrum. Både Raudt, SV og særleg Senterpartiet taper i forhold til desember-målinga. Ingrid Fiskaa frå SV held sitt mandat med liten margin, og sjølv om Mímir Kristjánsson er utrøytteleg aktiv og personleg populær, er han framleis avhengig av at Raudt passerer sperregrensa for å kunna halda fram på rogalandsbenken.

Direkte katastrofal er målinga for Sp. Partiet ligg faktisk an til å tapa begge sine mandat, og bakgrunnstala viser at lekkasjen frå Sp nå er like stor til Ap som til Frp.

I tillegg har Støre fått tilbake mange av veljarane som var usikre i desember. Den reine Ap-regjeringa har mobilisert sympatisørane.

Få lillaveljarar

Men sjølv om avstanden mellom blokkene i Rogaland har minka ein god del sidan desember, er han framleis nesten 10 prosentpoeng større enn ved valet i 2021. Og Rogalands-målinga viser at det «gjenoppliva» Ap førebels ikkje dreg mange nok veljarar over blokkgrensa. Dei såkalla «lillaveljarane» i skjeringspunktet mellom Ap og Høgre har nok alltid vore færre enn delar av Oslo-kommentariatet synest å tru, og i Rogaland har få av dei blå veljarane blitt lokka av at den gamle Nato-sjefen har tatt over Finansdepartementet. Ap i Rogaland har framleis underskot i veljarovergangane i forhold til både Høgre og Frp.

Rekneskapen overfor Venstre og KrF ser betre ut, sjølv om det her er snakk om små tal. Me skal vera forsiktige med å dra for bastante konklusjonar, men det er likevel interessant å sjå at kvar fjerde Venstre-veljar frå 2021 nå vil stemma Ap. Det er ikkje sikkert at Venstre si tydelegare borgarleg-liberale (for ikkje å seia liberalistiske) linje slår like godt an i Rogaland som i hovudstadsområdet. Liberal ruspolitikk og aktiv dødshjelp, som var sterkt framme på landsmøtet i mars, er truleg heller ikkje dei beste sakene for å vinna veljarar i Rogaland.

Lekkasje til mørkeblått

Også på høgresida er det den interne dragkampen som dominerer biletet. Den klart største veljarovergangen direkte mellom parti er stadig lekkasjen frå Høgre til Frp. Kvar femte Høgre-veljar frå 2021 har meldt overgang til Listhaug, nesten ingen går motsett veg.

Høgre er det einaste partiet som gjer det dårlegare i Rogaland enn ein skulle venta ut frå landstendensen. Faktisk er det berre så vidt at det vanlegvis så mektige fylkespartiet hevar seg over landsgjennomsnittet (20,7 i Rogaland mot 20,0 i landsestimatet til pollofpolls.no). Her kan rot og konfliktar i dei to store Høgre-styrte kommunane Stavanger og Sandnes ha spela inn, i tillegg til at Frp tradisjonelt har ei sterk stilling og ein relativt moderat profil i Rogaland, og har posisjonert seg som ein sterk forsvarar av oljenæringa.

Frp held stillinga som Rogalands største parti, sjølv om Ap tar innpå. Men Frp er nå så godt som fullmobilisert, og i tillegg til overgangen frå Høgre er det særleg tilsiget frå dei som ikkje stemte i 2021, heimesitjarar og førstegongsveljarar, som gir partiet vind i segla på målingane for tida. Desse veljarane er som kjent ikkje like lette å få fram til urnene når det blir alvor.

Sentrum forvitrar

Elles er det i eit lengre perspektiv påfallande å sjå korleis Rogaland har mista si gamle rolle som bastion for sentrumspartia. KrF, Venstre og Sp får til saman miserable 13,7 prosent, og berre KrF får mandatutteljing. Det er faktisk ikkje heller heilt trygt, sjølv om eg trur grunnfjellet ennå er stort nok til å sikra at Jonas Andersen Sayed får overta plassen etter Olaug Bollestad. Eg skal også vedda mykje på at tilstrekkeleg mange Sp-veljarar til slutt hoppar ned frå steingarden og gir Geir Pollestad fire nye år. I så fall er det, ut frå målinga, det ettertrakta fjerdemandatet til Ap som mest sannsynleg kan ryka.

Partibarometer for Rogaland mars 2025

Des. 2024St. val 2021
Raudt4,04,93,7
SV5,15,95,1
MDG1,41,12,4
Ap24,613,722,4
Sp4,26,410,4
V3,75,03,5
KrF6,06,48,1
H20,723,523,9
Frp26,729,116,8
INP1,41,40,6
Andre2,22,63,1

Tom Hetland

Del på Facebook

Omtalte meningsmålinger

Flere artikler om Ap

Vis alle artikler om Ap

Omtalte kommuner

Flere artikler om omtalte kommuner